Synergieffekt

Bygda dansar legg stor vekt på å skapa synergieffektar. Dei deltakande ungdomane i alderen ca. 15-19 er første målgruppa, men ved at vi engasjerer unge førebilete, får også ei målgruppe 5-10 år eldre enn prosjektdeltakarane sjanse til å utvikla seg vidare, samstundes som dei er viktige i motiveringa av dei yngste.

Sidan oppstarten i 2001, har prosjektet ville vise at lokal folkedans kan vere ein ressurs for både lokalmiljø, skule og det profesjonelle teater- og scenedansmiljøet. Bygda dansar vil skape synergieffekt som kan syne att på fleire måtar og ta i vare og samle fleire oppgåver når det gjeld folkedans.

Bygda dansar samarbeider med friviljuge lag og organisasjonar innan folkemusikk og folkedans og engasjerer lokale spelemenn, instruktørar, unge danseførebilde og tradisjonsberarar. Gjennom dette styrkjer prosjektet fagkompetansen for folkedans og folkemusikk i regionen, inspirerer og styrkjer det friviljuge arbeidet med folkedans, gjev ungdom eit tilbod om arbeid med dans på eit høgt nivå, hjelper og støttar opp om dansen som kulturnæring i distrikta og rekrutterer toppdansarar. Rff-tilsette lærer den lokale tradisjonen av lokale instruktørar, og dei lokale instruktørane får påfyll når det gjeld undervisningsmetodar og bruk av tradisjonsmateriale frå arkiva.

I fagplanane for skulen er det krav om opplæring i folkedans, men dei fleste skular manglar kompetanse til å følgje opp. På danselinjene i vidaregåande skule blir det undervist svært lite folkedans. Bygda dansar gjev eit tilbod som kan bøte på mangelen. Bygda dansar fungerer også som eit alternativ til manglande folkedansundervisning i kulturskulane og tek seg av viktig oppfølging og trening av talent.

På mange måtar sameinar Bygda dansar eit arbeid som styrkjer folkedansen, og sikrar eit minstemål av satsing på folkedans i skular og kulturskular. Til slutt driv prosjektet eit fagleg sterk og velfundert kulturvernarbeid.

Gjennom heile prosjektperioden samarbeider Bygda dansar også med institusjonar som teater, kompetansesenter, og arkiv. Prosjektet engasjerer kulturarbeidarar og stimulerer til samarbeid mellom kulturinstitusjonar og organisasjonar. Det aukar kulturaktiviteten lokalt og styrkjer den lokale dansen som grunnlag for ny kunstnarleg utvikling og vekst. På lang sikt tilfører Bygda dansar regionen dansarar som er spesialiserte på området sine dansetradisjonar. Dansarane kan ta tradisjonen vidare i nye og spanande kunstnarlege prosjekt.

Ekstra informasjon

Alle rettigheter Bygda dansar | Admin  Admin B | Webside levert av fagtrykk.no