Målsetjing

Bygda dansar sine delprosjekt ønskjer å styrkje folkedans som kulturarv, kunstnarleg uttrykk og samværsform. Målsetjingane er fleiredelt: Først og fremst skal prosjektet sikre at landet til ei kvar tid har gode frilans tradisjonsdansarar, dansepar og ensemble frå mange regionar. Dei skal kunne syne pardans og halling i ulike samanhengar, som del av kulturarven vår, og som del av eit profesjonelt dansefelt. Vidare søkjer prosjektet å utvikle nye idear og teknikkar for formidling, presentasjon og undervisning av og i folkedans.

Lokalt ønskjer Bygda dansar:

 

  • Å rekruttere og læra opp ei gruppe unge dansarar innafor ein lokal eller regional dansetradisjon til eit godt teknisk og kunstnarleg nivå.
  • Å rekruttere nokre få toppdansarar, innafor denne tradisjonen, som vil satsa på dansen som del av yrkesverksemda si anten som frilansdansarar eller pedagogar
  • Å gi ungdom, særleg i bygde-Noreg, eit tilbod om å arbeida med dans på eit høgt nivå.
  • Å hjelpa fram dans som attåtnæring, ikkje minst i bygdemiljø.
  • Å gi regionen røynsle med å arbeida med kunstnarlege og sceniske uttrykk på eit godt nivå.
  • Å styrka fagkompetansen for dans i lokalmiljøet, regionen.
  • Å inspirera og styrka det vanlege, friviljuge folkedansarbeidet.
  • Å styrka den lokale/regionale folkemusikken mellom anna ved å knyta han sterkare til dansen som han alltid har høyrt saman med.

 

Ekstra informasjon

Alle rettigheter Bygda dansar | Admin  Admin B | Webside levert av fagtrykk.no