Bygda dansar

Bygda dansar er eit nasjonalt danseprosjekt hovudsakleg retta mot ungdom frå 15 til 19 år. Hovudfokus i prosjektet er formidling og vidareføring av norsk folkedans, samt omarbeiding og tilrettelegging av folkedans for scene. Det er utvikla og bygd opp av Stiftinga for folkemusikk og folkedans, og vert i dag drive av stiftinga sitt eige senter, Norsk senter for folkemusikk og folkedans.

I samarbeid med lokallag i folkemusikk- og folkedansorganisasjonane FolkOrg og NU vert prosjektet gjennomført fylkesvis. Kvart delprosjekt går over tre år. Det får sitt eige namn med eigen prosjektleiar og prosjektmedarbeidar. Sentret har det faglege og pedagogiske ansvaret for alle prosjekta, samt ansvar for planlegging og gjennomføring av dei.  

Delprosjekt i Bygda dansar vert finansiert gjennom stiftinga sine løyvingar frå Kulturdepartementet. Det totale budsjettet per prosjekt har fram til 2013 vore på 3,3 millionar kroner. Av dette bidrog fylkeskommunen med 300 000 kroner. Frå 2014 er råmene auka til 3,45 millionar kroner. Fylkeskommunen bidreg med 450 000,-

Vi gjer merksam på at det i prosjekta vil bli tatt film og foto til dokumentasjon. Materialet blir samla i arkivet til Norsk Senter for folkemusikk og folkedans. Det vil ikkje ligge ope tilgjengeleg på internett eller liknande. Alle personopplysningar blir handsama jamfør lov om personvern og arkiv.

 

Ekstra informasjon

Alle rettigheter Bygda dansar | Admin  Admin B | Webside levert av fagtrykk.no